Flott solrike tomter på Meling

Feltet ligg like ved den gamle skulen på Meling med kort avstand til nye skulen, Melingsvågen, samt opp til Svortland sentrum. Det er sykkel og gongsti både til skulen og til sentrum. Naturen ligg rett utanfor døra der ein kan gå direkte ut i flotte turløyper.

Norgeshus Bømlo og Bømlo Hus byggjer i samarbeid ut solrike tomter på Meling. Bustadfeltet består av 13 store einebustadtomter, samt 7 fleirmannsbustad tomter. Tomtene vert heva opp frå eksisterande terreng og ligg solrikt til. Dei får flott utsikt mot Siggjo. Grunnarbeidet er godt i gong og vil gå føre seg ut over vinteren 2023. Dei første tomtene kan vera byggjeklare våren 2023. Feltet vert gjort komplett ferdig med VA anlegg, asfalt, gatelys og leikeområde.

PLANTEIKNINGAR

FASADE