Kjøkken og bad

Å bli skikkeleg fornøgd med – og glad i – kjøkken og baderom, er nok det aller viktigaste når me bygger hus.

Dette er dei mest kostnadskrevjande romma – både å bygga, rehabilitera og pussa opp. Å treffa blink her, er heilt essensielt.

Bømlo Hus har i ei årrekke hatt eit tett og godt samarbeid med HTH Haugesund om innreiing av kjøkken og bad.

I lag med denne anerkjende kvalitetsleverandøren kan me tilby løysingar som er innbydande, stilige, praktiske – og ikkje minst skreddarsydde for ditt hus.

Lar du Bømlo Hus bygga din nye einebustad, står du samstundes heilt fritt til å velja kjøkken- og baderomsinteriør frå andre leverandørar.

Besøk HTH for å bli inspirert av ulike trender og løysingar.